Norges Hesteskokaster Forbund
 


Linker
Bildeboken
Kastnøkler  
Håndboken
NHF`s regelverk
Startkort
Hesteskogolf

Hovedsponsor 2009

Kortform av NHF`s regelverk 2010

Hesteskokastinga i Norge forgår tradisjonelt som «mann mot mann»-konkurranse med 2 evt. 3 deltakarar som kastar mot kvarandre i kvar kamp. Skårpoeng blir gjevne til den/dei beste skor. Ein kamp går som regel til 21 skårpoeng. Dei siste åra er to nye avviklingsformer komne til: Kongelag og X-kast.

Utstyr,bane.
Maks. mål for hestesko: Vekt 615 gram, breidde 140 mm, opning 80 mm, lengde 155 mm.Kastavstaden er 10 meter. Det blir kasta mot ei jernstikke, diameter 18-21 mm, høgd over bakken 20-25 cm. Området rundt stikka skal vere sand/grus, Vanlegvis står kastarane ved ei kaststikke og kastar mot ei anna, og deretter kastar dei så tilbake. Kvar kastar skal nytte to skor(gjeld ikkje for Kongelag og X-kast) som skal kastast etter kvarandre. Kastarane skal skifte om å kaste som nr. 1 og 2 (evt.3). I tillegg til single-kasting, har vi også parkonkurransar (double).

Skår
Den skoen som ligg nærmast stikk tel eitt skårpoeng. Sko som ligg rundt stikka tel tre skårpoeng. Har same kastar dei to beste skorne, tel skårpoenga for begge. Har for eksempel ein kastar begge sine skor rundt stikke får vedkomande 6 skårpoeng.

Avvikling
Hesteskokonkurransar blir normalt avvikla i to avdelingar: Innleiande- og avsluttande kasting. Innleiande blir avvikla etter Serie-metoden (SM) eller Gloppen-metoden (GM) eller X-kast.
SM: Kastarane blir trekt i seriar à 8 kastarar. Alle kastar mot alle dei andre i serien, to og to mot kvarandre, dvs. 7 kampar. Deretter blir det sett opp ein serietaball pr.serie. Vinnaren av kvar kamp får to kampoeng, (kp) taparen eitt (kp) dersom vedk. oppnår 11 i skår ellers null kp. Uavgjort kamp: 1,5 kp. til kvar.
GM:
Denne motoden er praktisk talt einerådande idag. Den er lettare å administre enn SM. Kastarane fører startkorta sjølve. Banefordelinga foregår etter ferdig oppsette kastnøklar. 2 eller 3 kastarar pr. bane. Juryen bestemmer antal kastrunder. Arrangøren bestemmer om det skal vere to eller tre kastarar pr. bane. Det vanlege idag er tre kastarar i single-konkurransar, og to par i parkast-konkurransar. Vinnar to kp. nr. 2 eitt kp og tapar null kp.X-kast kan nå også nyttast som innleiande kasting.

Avsluttande kasting:
Omlag 75 % av kastarane går vidare til avsluttande kasting. Avsluttande kastinge føregår som cup, dvs. utslagning, eller som Kongelagskasting. I cupen møtes to eller tre kastarar pr. kamp, taparen går ut av konkurransen. Til slutt står ein att med to kastarar i ein finale. Taparane i semifinalane kastar «bronsefinale». I ein cupkamp skal det skilje 2 skårpoeng mellom den som går vidare og den som blir utslått.
Kongelag. Dette er ein forholdsvis ny metode som blir nytta under avsluttande kasting. Det blir her nytta 4 sko og kastarne får poeng etter kor langt frå stikka skorne ligg, etter ein skala frå 5 til 1 poeng.
X-kast. Dette er ein metode som liknar på Kongelagskastinga. Kastarane nyttar fire sko. Poenggjevinga er som for Kongelaget. Heile konkurransen kan gjennomførast på denne måten. Det blir notert rekordar både for Kongelag og X-kast. Vi har også ein metode som vi kaller Dobbel Gloppen-metoden (2GM): Mellom innleiande kasting og avsluttande kasting blir det avvikla ei mellomrunde, der kastarane tek med seg halvparten av kamppoenga og skårpoenga frå innleiande kasting. Deretter blir det avvikla avsluttande kasting på vanleg måte, men med max. 12 deltakarar.

Klasseinndeling. I Norges Cupstemne skal det vere fylgjande klasser: Klasse 1, klasse 2 og dameklasse. Merk at damene kan velje om dei vil stille i klasse 1 eller 2. Klasse 2 er for nybyrjarar innan hesteskosporten og ellers andre som den enkelte klubb meiner ikkje er kvalifisert for klasse1.

Norges Cup (NC)
NC er ein årleg samanlagt konkurranse som består av 3-4 nasjonale NC-stemne der dei 2 beste resultata tel, i tillegg 3-4 regionale NC-steme der også dei 2 beste resultata tel, men med berre halvparten av NC-poenga som blir gjeve i nasjonale NC-stemne.Det er ikkje samanlagt konkurranse for klasse 2.

Norgesmeisterskap
Det blir årleg avvikla NM i single, par og par/mix (dame/herre) Merk at i NM skal det vere dame- og herreklasse. Damene kan ikkje delta i herreklassa. For å kunne delta i NM må kastarane ha vore medlem av norsk hesteskoklubb i minimum 1 månad.

Jury.
Ved alle terminfesta stemne skal det vere ein stemnejury. Som har til oppgåve mellom anna å bestemme tal kastrunder, tal kastarar til avsluttande kasting, ta avgjerder i tvilstilfelle.Vi har vidare reglar for terminliste, innbyding, påmelding, avgifter, program, handbok, premiering, resultatlister, rekordar, framferd/straff og avlyste/avbrotne stemne.

PRESISJONSKASTING
Vi har 2 variantar av presisjonskasting: ”10 meteren” og Hobøl- metoden.

” 10 meteren”
Som namnet seier kaster ein på 10 m avstand. NB for yngre kastarar t.d. under 12 år kan ein nytte kastavstand på 7 eller 8 m.

Hobøl- metoden:
Her blir det nytta 5 forskjellige kastavstandar: 5, 7, 9, 11 0g 13m. Det blir kasta mot stikker av rundjern 18 – 21 mm og 20-25 cm over bakken. Det blir kasta med 5 hestesko. (etter Hobøl- metoden kastar ein 1 sko mot kvar av stikkene)

Poengverdi:
Sko som ligg rundt stikka, 20 poeng. Også vidare poeng etter avstanden frå stikka etter fylgjande skala:

0 - 2 cm 12 Poeng 17 - 21 cm 6 Poeng
2 - 4 cm 11 Poeng 21 - 26 cm 5 Poeng
4 - 7 cm 10 Poeng 26 - 31 cm 4 Poeng
7 -10 cm 9 Poeng 31 - 37 cm 3 Poeng
10 -13 cm 8 Poeng 37 - 43 cm 2 Poeng
13 -17 cm 7 Poeng 43 - 50 cm 1 Poeng


Til å måle poengverdi, lag ein mal eller nytt ein ”meter” der poengverdien er avmerka. Legg enden av malen i stikka og over den skoen ein skal fastsetje poengverdien for. Det er næraste punktet på den skoen ein skal måle. Alle skorne tel i poengsamandraget. NB ! I Hobølmetoden kan avstanden på 13 m virke langt. Det ein kan gjere er å sløyfe denne avstanden og nytte berre 4 sko.



 
© Copyright Norges Hesteskokaster Forbund - www.hesteskokasting.no