Norges Hesteskokaster Forbund
 


Hesteskogolf !

RETNINGSLINJER FOR HESTESKOGOLF
Endret på årsmøte 2009


Regel 46. Hesteskogolf
1. Hesteskogolf skal føregå i ei løype som ligg i variert terreng/grusbane. I løypa skal det plasserast
kaststikker som det skal kastast mot i ei bestemt rekkefølge. Mellom ein del av UP og kaststikkene
skal det plasserast hinder av ymse slag. Det skal være variert avstand mellom UP og stikkene .
2. Fyrste kastet mot ei stikke, utgangskastet (UK), skal føregå frå utgangspunktet (UP) kan være siste
stikke ein har kasta mot, eller eit punkt arrangøren bestemmer. Der skoen blir liggande skal neste
kast utførast frå, osv.
3. Det skal kastast mot same stikka til det blir oppnådd ”ring”, jmf. regel 21.1.
4. Det skal gjennomførast eit på førehand bestemt antal runder i løypa. Den som har oppnådd færrast
kast samanlagt har vunne konkurransen.
5. Har to eller fleire kastarar likt antal kast går den føre som har best enkeltrunderesultat. Er dette likt
tel nest beste enkeltrunderesultat osv.
6. Antal runder: 2-4 runder (alle runder tel i poengsamandraget)
Antal stikker: Min. 9 stk. max. 18 stk.
Avstanden frå UP og til stikka: Min. 5 m. max. 25 m.
Hestesko som skal nyttast: Norsk standard, regel 10.1
Poenggjeving: Antal kast som må utførast til ring blir oppnådd.
Stikker: Norsk standard, regel 10.3
7. Området rundet stikkene, diameter minimum 0,5 m, bør være tilnærma flatt.
3-4 kastarar går saman på runda og dømmer og fører startkort for kvarandre.
8. Kastarane byter på å utføre fyrst kast mot stikkene, andre kasten utføres fyrst av den som etter
fyrste kastet har skoen nærast stikka, vedkomande kastar skoen til det er oppnådd ”ring”.
9. Skorne skal kastast på vanleg måte (underhandskast). Kroppsrotasjon er forbudt.
10. Deltakarane nyttar to sko. Etter at kastaren har utført første kast mot ei stikke, skal neste kast
utførast frå der skoen ligg. Kastaren skal då stå på første skoen med fremste fot og utføre nest kast osv.
11. I Norgesmeisterskap skal det kastast mot minimum 36 stikker.

© Copyright Norges Hesteskokaster Forbund - www.hesteskokasting.no