Norges Hesteskokasterforbund

2017

  • Facebook Social Icon

Gloppen HK

Gloppen Hesteskoklubb vart stifta 14.12.91. Det var ei samanslåing av Breim Hesteskoklubb og hesteskogruppa i Fjellhug/Vereide IL. Vår faste tilhaldsplass er parkeringsplassen ved ungdomshuset Breimshallen.

Vi har faste treningskveldar kvar tysdag og torsdag. 

Årleg arrangerer vi Hesteskofestivalen i juni månad. Den har vore arrangert sidan 1981. Dei fyrste åra var dette kun ein parkastkonkurranse som gjekk over to dagar. Deltakartalet fyrste året var rundt 450 kastarar. Det stemnet som vi har arrangert og som samla flest deltakarar var NM for par på Sandane i 1983. Det var då påmeldt 512 kastarar og 486 stilte til start. Så vidt vi veit er dette det hesteskoarrangementet som har samla flest deltakarar. 

Fleire av våre medlemer har hatt og har tillitsverv i NHF. Fleire av nåværande og tidlegare medlemmer er blitt Norgesmeistrar i hesteskokasting. 

Kontaktinfo:

Gloppen Hesteskoklubb
V/ Magne Gloppestad
6823 Sandane 
E-post: maggl@online.no