Norges Hesteskokasterforbund

2017

  • Facebook Social Icon

Mino HK

Midtre Nordfjord Hesteskoklubb blei stifta i 1986 etter at fleire av kastarane hadde kasta for andre lag før. Klubben har no om lag 15-18 medlemmar frå Lote i øst til Bryggja i vest. Mesteparten av medlemmane kjem frå Nordfjordeid og Stårheim. 

Klubben har faste treningskveldar måndagane frå tidleg i april til seint i september. I tillegg er det treningar onsdagane for dei som ynskjer det. Klubben har plass til mange fleire medlemmar så berre ta kontakt for meir informasjon. 
NB! Ein treng ikkje vere god for å byrje med hesteskokasting. Vi har alle vore nybyrjarar ein gong.

Klubben har hatt fleire norgesmesterar i Hesteskokasting. Kristen Lotsberg har vunne edelt metall i parkasting i lag med Roar Haugan fleire gongar, og ein gong i lag med Stig Høynes. Synnøve Fagerstrand og Kristen Lotsberg blei norgesmesterar i mix på heimebane i 2002, medan Synnøve Fagerstrand vann dameklassa under NM 2004 på heimebane.

Midtre Nordfjord Hesteskoklubb har i både år 2002 og 2004 arrangert NM-helg på Nordfjordeid. Men godt over hundre deltakarar i 2002 og nesten hundre i 2004 er dette opplevingar som vi seint vil gløyme. Fyrste gong Mino arrangert NM var på Stårheim i 1994. Den gongen var det NM i par og NM i mix som gjekk av stabelen.

Medlemskontingent pr. år

Enkeltmedlemskap kr. 250,-

Familiemedlemskap kr. 200,- pr. stk.

Junior (under 18 år) kr. 100,-

For alle nye medlemmar betalar klubben kontingenten fyrste året. Dette gjeld for kastarar som ikkje har vore med på hesteskokasting før og vil prøve denne fasinerande sporten. Kastarar som melder seg inn frå andre klubbar betalar vanlig kontingent.