Nordhordland HK
Nordhordland Hesteskokastarlag vart skipa i 1991, laget eksisterte også før dette, men då med namnet Osterfjorden Hesteskokastarlag.
Laget heldt til i Nordhordland, og har ca 25 medlemmer, dei fleste kjem frå kommunane Alver og Bergen.
Laget arrangerer årleg Nordhordlandscupen i hesteskokasting, denne går vanlegvis over 15 runder, dei siste åra er nokre av rundane avvikla på Flatøy (Austblæsa HK) og i Øygarden (Skjergard HK).
I tillegg vert det vanligvis arrangert nasjonale NC/NM stemner i regi av vår klubb. Desse stemna er normalt lagt til Lindås ungdomsskule.
Laget er medlem i Noregs Hesteskokasterforbund i lag med ca 11 andre medlemsklubbar.
Klubben har aktive medlemmer som er flinke til å reisa å delta på norgescupstevner og på andre distriktsvise stemner i sørnorge.
Laget ønskjer gjerne fleire medlemmer, og interesserte kan ta kontakt med ein av styremedlemmane, senda oss e-post, eller stilla opp på stemner i Nordhordlandcupen, (møt evt, ein halv time før start).
Ein treng ikkje vera medlem for å kunna delta på stemna.
Medlemskontingenten:
Enkeltmedlem: kr. 300.-,
For familiemedlemskap kr: 500.-
Kontonr: 3640 65 07844.
Vipps: 518215
Kontaktinfo:
Nordhordland Hesteskokastarlag
v/Lars Arne Kolås
Fonnebostvegen 170
5955 Lindås
e-post: larsarnekolaas@gmail.com
Internettside: https://www.nhk.hesteskokasting.no/
Facebook side: https://www.facebook.com/NordhordlandHK/