• sfagerstrand

Hesteskohelg på Nordfjordeid.

Fredag 20.05.22 arrangerte Mino HK NM i hesteskogolf på heimebane. Her gjorde arrangørklubben det godt, der Kim Fagerstrand frå Mino HK vart ny Norgesmeister med gull og broren Kennet Fagerstrand, òg frå Mino HK, kom på andreplass med sølv. Harald Standal frå Hjørundfjord HK vart nr. 3 med bronsje.



I dameklassa vart Norgesmeisteren Alma Lee Bjørkedal frå den nye klubben, Folkestad og omegn HK. Sølvplassen gikk til Marit Meland frå Skjold HK og bronsje til Synnøve Fagerstrand frå Mino HK.



I klasse rekrutt var det to deltakarar. Nr 1 vart Noah Fagerstrand frå arrangørklubben Mino HK, og nr 2 Ida Mari Bjørkedal frå Folkestad og omegn HK.




Laurdag 21.05.22 vart det arrangert NC 1. Her var det Oddmund Dingen frå Nordhordland HK som vant. Arnfinn Austegard frå Austblæsa HK vart nr 2, og Walter Fagerstrand frå Mino HK nr 3.



Søndag 22.05.22 vart det arrangert NC 2. Vinnar vart Arnfinn Austegard frå Austblæsa HK. Nr 2 Synnøve Fagerstrand, Mino HK og nr 3, Harald Fagerstrand, Mino HK.

Øvrige resultat finn du på www.hesteskokasting.no



Norges Hesteskokasterforbund