Norges Hesteskokasterforbund

2017

  • Facebook Social Icon

Kortform av regelverket

Utstyr og bane

Det blir kasta mot ei jernstikke, diameter 18-21 mm, høgd over bakken 22-30 cm. Området rundt stikka skal vere sand/grus, Vanlegvis står kastarane ved ei kaststikke og kastar mot ei anna, og deretter kastar dei så tilbake. Kvar kastar skal nytte to eller fire sko avhengig av avviklingsmetode (sjå Avviklingsmetodar nedanfor).

 

Maks. mål for hestesko:

Vekt:                615 gram,

Breidde:          140 mm,

Åpning:           80 mm,

lengde:           155 mm.

Kastavstand: 10 meter.

Avviklingsmetodar

Mann mot mann (2 sko kvar)

Skårpoeng:

Skårpoeng er poeng ein får per sko som kastast i kvar kamp. Totalsummen av skårpoeng i ein konkurranse er mindre viktig enn kamppoeng.

Den skoen som ligg nærmast stikka tel eitt skårpoeng. Sko som ligg rundt stikka tel tre skårpoeng. Har same kastar dei to beste skoa, tel skårpoenga for begge. Har for eksempel ein kastar begge sine skor rundt stikka får vedkomande 6 skårpoeng.

 

Kamppoeng: 

Kamppoeng er poeng ein får per kamp. Totalsummen av kamppoeng er teljande før skårpoeng. Dersom to eller fleire har lik kamppoeng vil skårpoeng verte teljande.

Vinnaren får 2 poeng. Taparen får 1 poeng dersom han eller ho oppnår minimum 11 i skår, ellers 0 poeng. Uavgjort kamp: 1,5 poeng til kvar


Seriemetoden (SM): Kastarane blir trekt i seriar à 8 kastarar. Alle kastar mot alle dei andre i serien, to og to mot kvarandre, dvs. 7 kampar. Deretter blir det sett opp ein serietaball pr.serie.


Gloppenmetoden (GM): Denne metoden er praktisk talt einerådande idag. Den er lettare å administre enn SM. Kastarane fører startkorta sjølve. Banefordelinga foregår etter ferdig oppsette kastnøklar. Juryen bestemmer antal kastrunder. Arrangøren bestemmer om det skal vere to eller tre kastarar pr. bane.

Dobbel Gloppen-metoden (2GM): Mellom innleiande kasting og avsluttande kasting blir det avvikla ei mellomrunde, der kastarane tek med seg halvparten av kamppoenga og skårpoenga frå innleiande kasting. Deretter blir det avvikla avsluttande kasting på vanleg måte, men med max. 12 deltakarar.    

Nordhordlandsmetoden (NHM): Metoden kan nyttast både som innl. og avsl. kasting, eller ein kan gjennomføre heile konkurransen etter denne metoden. I korthet går metoden ut på at den beste rangerte for kvar runde møter den nestbest rangerte på bane 1 osv, men med det forbehold at to kastarar kan møte kvarandre berre ein gong i løpet av konkurransen.

Cup: Utslaging. Må vinne med minimum 2 poeng. Taparen er ute av konkurransen.

Presisjon (4 sko kvar)

Poenggjeving (gjelder ikkje Hesteskogolf)

Rundt stikka:  5 poeng

0-5cm:            3 poeng

5-20cm:          2 poeng

20-50cm         1 poeng

 

Kongelag: 10 runder. Ein deltakar per bane. Kvar runde blir kasta på kommando frå konkurranseleder. Maks poengsum: 200

Minimatch: 10 runder. To deltakarar per bane. 2 x 5 runder kvar. Maks poengsum: 200

 

X-kast halvmatch: 25 runder. To deltakarar per bane. 5 x 5 runder kvar. Maks poengsum: 500

X-kast heilmatch: 50 runder. To deltakarar per bane. 10 x 5 runder kvar. Maks poengsum: 1000

(I Kongelag skal det kastast ein veg, dvs kun den eine stikka på bana. Dei som ikkje kastar i runden måler poengsummane. I Minimatch og X-kast skal det kastast att og fram, dvs begge stikkene. Den som ikkje kastar i runden skal måle poengsum. Skoa skal ikkje løftast opp frå bakken før begge partar er einige om poengsummen, Ved tvil skal ein tredjepart tilkallast.)

 

Hesteskogolf: Som namnet tilseier er det visse likheter med golf. I hesteskogolf blir det plassert kaststikker med ulik avstand rundt om på bana og i terrenget. Det blir kasta mot kvar stikke til det blir oppnådd ring. Det gjeld så å kome rundt løypa på færrast kast. I hesteskogolf skal det være dame -og herreklasse, eventuelt barneklasse.

 

Eksempel:

Det er satt opp 9 stikker. Den beste oppnåelige poengsummen per runde er 9 poeng ved ring på kvar einaste i første forsøk. Dersom det kastast 5 runder vil beste oppnåelige totalsum bli 9 * 5 = 45 poeng.

Avsluttande kasting
Minimum 75 % av kastarane går vidare til avsluttande kasting. Avsluttande kastinge føregår etter cupmetoden, dvs. utslagning, eller som Kongelagskasting eller etter NHM. I cupen møtes to eller tre kastarar pr. kamp, taparen går ut av konkurransen. Til slutt står ein att med to kastarar i ein finale. Taparane i semifinalane kastar «bronsefinale». I ein cupkamp skal det skilje 2 skårpoeng mellom den som går vidare og den som blir utslått.
                                                  

Norgescup (NC)
NC er ein årleg samanlagt konkurranse som består av nasjonale NC-stemne (NC) og distrikt NC-stemne (DNC). Poenggjevinga i DNC er halvparten av poenga i NC.           

                          

Norgesmeisterskap

Det blir årleg avvikla NM i single, par, par/mix, hesteskogolf, X-kast og lag. For å kunne delta i NM må kastarane ha vore medlem av norsk hesteskoklubb i minimum 1 månad.

Klasseinndeling

Norgescup-stemna og i NM skal det være fylgjande klasser: Klasse 1 og klasse 2. Klasse 1 er ei open klasse både for damer og herrar. Klasse 2 er for nybyrjarar innan hesteskosporten og ellers andre som den enkelte klubb meiner ikkje er kvalifisert for klasse 1. Vi har også ei juniorklasse for kastarar under 14 år.

Jury
Ved alle terminfesta stemne skal det vere ein stemnejury. Som har til oppgåve mellom anna å bestemme tal kastrunder, tal kastarar til avsluttande kasting, ta avgjerder i tvilstilfelle og ikkje minst sjå til at stemnet blir avvikla etter NHFs regelverk. Vi har vidare reglar for terminliste, innbyding, påmelding, avgifter, program, handbok, premiering, resultatlister, rekordar, framferd/straff og avlyste/avbrotne stemne.