Om Norges Hesteskokasterforbund (NHF)
Kort om oss
Norges Hesteskokasterforbund (NHF) er det høgaste faglege organet for hesteskokasting i Norge. Forbundet samlar hesteskoklubbar og grupper over heile landet, og har som formål å fremje hesteskosporten ved å arbeide med utvikling og informasjon om sporten, og legge til rette for samarbeid mellom laga.
I 2025 hadde NHF 11 medlemsklubbar og 176 registrerte kastarar, ein vekst på 12 % frå året før. Kvinneandelen er aukande og utgjer no 23 % av kastarane.
Kontaktinformasjon
-
Organisasjonsnavn: Norges Hesteskokasterforbund (NHF)
-
Organisasjonsnummer: 923 311 300 (Brønnøysundregisteret)
-
E-post:kontakt@hesteskokasting.no
-
Nettside: www.hesteskokasting.no
Formål og historie
NHF vart stifta i 1986 og feirer i 2026 sitt 40-årsjubileum. Forbundet er organisert etter eigne vedtekter, med årsmøte som høgaste organ annakvart år, i tillegg til leiarmøte i mellomliggande år. Forbundet leiast av eit hovudstyre på fem medlemmer, valde av årsmøtet.
Forbundets formål (§3 i vedtektene):
Norges Hesteskokasterforbund sitt føremål er å fremje hesteskosporten i Norge ved å arbeide med utvikling og informasjon om sporten og arbeide for samarbeid mellom laga.
Fullstendige vedtekter er tilgjengelege her.
Organisasjon og styre
Forbundet drivast utelukkande av frivillige – det er ingen tilsette, og alle verv er ulønna eller honorert med et symbolsk styrehonorar fastsatt av årsmøtet.
Klikk her for å sjå styremedlem i Norges Hesteskokasterforbund
Åpenhet og økonomi
NHF er ein ideell, medlemsbasert organisasjon uten kommersielt formål. Alle inntekter kjem frå medlemskontingent, startkontingentar, stemneavgifter og sal av utstyr (hesteskor og målestaver), og går i sin heilheit til drift av forbundet: administrasjon, premiar, reisefordeling for tillitsvalde og lagsutsendingar, samt utvikling av resultatsystemet på hesteskokasting.no.
Forbundets rekneskap blir ført av kasserer, revidert årleg av valgt revisor, og godkjent av årsmøtet/leiarmøtet. Rekneskapen for 2025 vart revidert og godkjent utan merknader.
Fullstendig, revidert årsrekneskap og årsmelding er tilgjengeleg for nedlasting:
