top of page
  • Forfatterens bildeLars Arne Kolås

Nordhordlandscupen 2020 er ferdig.


Siste runde i årets Nordhordlandscup i hesteskokasting vart avvikla søndag 20. september ved ungdomshuset på Dale. Årets cup blei grunna koronaen redusert frå 15 til 12 rundar, dei 7 beste er teljande i samandraget. Vi har i 2020 hatt godt oppmøte i NH cupen, på dei 12 rundane har det i snitt vore 19 kastere med, i tillegg til arrangørklubben har Austblæsa og ikkje minst Skjergard HK stilt med mange kastere, vi har også i år brukt kastplassane både på Flatøy og i Øygarden i tillegg til Dale. Etter Oddmund, som forøvrig også tok ein flott 2.plass i årets Norgescup etter Per Dalheim, kom Arnfinn og Jim frå Austblæsa HK. Vi gratulerer og takker alle som har vore med og fått til ein flott cup også i 2020. Komplett resultatliste fin du her.

Norges Hesteskokasterforbund

bottom of page