• sfagerstrand

NM helg i Gloppen.

17.18 og 19 juni vart det arrangerte NM helg i Gloppen. Pga store nedbørsmengder fredag den 17, vart NM i X kast avlyst. Dette stevnet vil bli arrangert på Lindås av Nordhordland HK fredag 5. august.


Laurdag 18. juni vart det i Gloppen arrangert NM par og NM Lag. Her gjorde Mino HK det godt, med Gull til Harald Fagerstrand og Finn Stavenes i par og Harald Fagerstrand, Finn Stavenes, Stein Ove Stoddern og Henrik Stokkenes i lag.

Sølvet i par gjekk til Oddmund Dingen og Roy Inge Johnsen frå Nordhordland HK, og Bronsje til Signar Fauske og Oddvar Turøy frå Skjold HK.

I lag gjekk sølvet til Skjold HK 1 ved Signar Fauske, Oddvar Turøy, Tom Årdal og Gro Dvergsdal. Og bronsje til Nordhordland HK 1 ved Roy Inge Johnsen, Sverre Dale, Reidar Nepstad og Oddmund Dingen.


Øvrige resultat frå denne NM helga finn du på www.hesteskokasting.no







Norges Hesteskokasterforbund