Nordhordlandscupen 2020 er ferdig.

Siste runde i årets Nordhordlandscup i hesteskokasting vart avvikla søndag 20. september ved ungdomshuset på Dale. Årets cup blei grunna koronaen redusert frå 15 til 12 rundar, dei 7 beste er teljande i samandraget. Vi har i 2020 hatt godt oppmøte i NH cupen, på dei 12 rundane har det i snitt vore 19 kastere med, i tillegg til arrangørklubben har Austblæsa og ikkje minst Skjergard HK stilt med mange kastere, vi har også i år brukt kastplassane både på Flatøy og i Øygarden i tillegg til Dale. Etter Oddmund, som forøvrig også tok ein flott 2.plass i årets Norgescup etter Per Dalheim, kom Arnfinn og Jim frå Austblæsa HK. Vi gratulerer og takker alle som har vore med og fått til ein flott cup og

Per Dalheim og Jannicke Hagen vann norgescupen klasse 1 og klasse 2.

Etter ei spennande avslutningshelg i Nordfjordeid kunne Per Dalheim frå Vallset HK innkassere gullmedaljen i årets norgescup framfor Oddmund Dingen frå Nordhordland HK. Harald Fagerstrand frå arrangørklubben Mino HK kapra 3. plassen etter god kasting i avslutningstemna NC 5 og 6. I klasse 2 vann Jannicke Hagen frå Skjergard HK framfor Steinar Haraldsen og Kjetil Tangen frå Hobøl HK. Vi gratulerer alle. Komplette resultatlister finn du her.

Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Facebook Social Icon
2020 Norges Hesteskokasterforbund